Linda Fosse:  Sanger /Skuespiller, Inspirerende Coach og Kulturell Gründer


Home Page

"If you can dream it, you can do it"
Walt Disney

Her kan du lesa litt om meg og mitt.
Eg jobbar mykje med mangt og elskar det eg driv med!


----------------
                        
Song og musikk har alltid vore ein stor del av livet mitt. Eg har i tillegg alltid likt å leika med tanken; 
"Kan andre kan vel eg?"

Det har stadig ført meg ut i nye prosjekt, nye oppsetjingar, nye utfordringar, nye oppgåver, nye arbeids-retningar, 
til nye himmelstrøk o
g inn i nye livssituasjonar. 

Mi indre drivkraft er formidling. 
Formidling av eit bodskap. Formidling av kunnskap som fengar meg. Formidling av visdom som eg håpa kan hjelpa andre til eit rikare liv. 
Formidling av ein stemning og ei oppleving. 
Formidling av kunst.

Samt da å kunna leva eit liv eg trives med.

For eg trur nemleg at livet mitt vert styrt meir av dei indre omstendighetane enn av dei ytre

Eg vakna ein morgon og sa til meg sjølv: 
"Er livet ditt godt idag, Linda?"
Svaret vart: "Nei".
Og når dette vart svaret eg fekk, for mange dagar på rad, 
sa eg til meg sjølv: 
"Enten må du lika det du gjer, Linda, eller so må du gjera det du likar!" 
Denne setningen vart ei utruleg viktig rettesnor for meg i mitt liv. 

Idag lever eg eit fantastisk innhaldsrikt liv på Askeland Gard på Osterøy utanfor Bergen, saman med Kunstnar Arne Askeland , Borna våre, Finske Lapphundar, Villsauar, Høglandsfe og Gode naboar.  

Takksam for alt som kjem til meg og for at eg får lov til å leva ut min største lidenskap: Det å formidla!

"Life is to short to have a boring job"
  L.F.
Ps.
Ein slik dialog kan anbefalast.... 


E-post: l-fosse@online.no Tlf.: 932 16 538.

Ps. Orsaka bruken av blanda målform. Det har samanheng med søkjeord i google.
Web Hosting Companies