Ho har turnert Noreg rundt m.a. med barne- og skuleteater i regi av Wolven Kunst og Kulturformidling. "Gummitarzan", "Ole Brumm" og "Askeladden" er nokre. Har vore solist med kringkastingsorkesteret, samt vore med i "Stjerner i sikte" på TV2.
I tillegg til å komponera musikk, skrive ho tekstar for både kabaretar og revyar. Var i år 2000 den første som vann Medaasprisen m.a. for sitt arbeid med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre. Dette skreiv BA etter utdelinga.
Ho har i lang tid jobba med prosjektet "Aslaug Låstad Lygre - Alltid Lika Levande". Cd-en "Eit eventyr" er ein del av dette prosjektet, samt framsyninga "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta", som er eit møte med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.
Lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre er ei fantastisk kulturarv Linda meiner me har eit ansvar for ta vare på og bringa vidare til den oppveksande slekt.
"Me kan ikkje la desse fantastiske kultur-skattane gå i gløymeboka. Me bør gjera det me kan for halda "Aslaug Låstad Lygre - Alltid Lika Levande". For visst ikkje me gjer det, kven skal då gjere det?"
Nokre presseoppslag.
Strilen 3. august 2007
Bergens Tidene 4.august 2007
Webavisen mai 2005
"Karius og Baktus"
Sumaren og hausten 2006 spelte Linda i Teateriet si oppsetning av "Karius og Baktus". Mange små og store entusiastiske tannpussarar fann vegen inn på Papirhuset Teater i Tønsberg i sumavarmen. Eit overvelda oppmøte!
Dette skreiv NRK etter eit møte med dei to tanntrolla i NRK sitt studio i Tønsberg: trykk her
Dette skreiv Tønsberg Blad : trykk her
Desse var med:
Karius: Kristine Hesjadalen
Baktus: Linda Fosse
Regi, samt tannlege og borr: Øyvind V. Kjeksrud
PS. Det er nok ikkje siste gongen Linda har spela dette stykket.