Linda Fosse

   Skodespelar/Songar/Coach

& Kulturell Iverksetjar

"Vi skal ikkje sova bort sumarnatta"

"Den einsame roaren" frå CD-en "Eit eventyr"
Med i framsyninga "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta"

Om framsyninga:

"Vi skal ikkje sova bort sumarnatta"
 Aslaug Låstad Lygre; - ein fantastisk lyrikar frå Nordhordland-


 

                                    
Aslaug er rekna for vera ein av Norges største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid.
Ho var fødd på Lindås i Nordhordland i 1910. Ho er mest kjend for diktet
"Vi skal ikkje sova" som Geirr Tveitt har sett melodi til.

Men dei færraste veit at ho skreiv dette diktet medan ho låg dødssjuk i tuberkulose.
Men
kva meir skreiv ho og kva andre hendingar i livet hennar kan ha påvirka diktinga hennar?
I "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" frå publikum eit møte med lyrikaren Aslaug Låstad Lygre 
og vi fylgjer ho gjennom fleire ulike faser av livet og diktninga hennar.
I tillegg til "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" som sjølvsagt er med,
får ein høyra fleire av dikta som Linda har sett ny tonedrakt til.

Framsyninga er skrive av Agnete G. Haaland og Linda Fosse.
Agnete har hatt regien, og Linda er aleine på scena dei vel 40 minuttar framsyninga varer.

"Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" er ei framsyning som høver like godt for
mellomtrinn og ungdomsskuletrinn i grunnskulen, som for vidaregåande skule
og for eit vakse publikum. Her er både poesi, musikk, nynorsk språk, teater og historie.
Her kan t.d. elevar fordjupa seg i stoffet både før og etter framsyninga.

Tilbakemeldingar  frå publikum:

"Eg fekk tårer i augo"         
             Jente 7 år

"Kjempegøy. No har eg og lyst til skriva dikt."           
Jente i 4. klasse

"Svært god og stemningsfull oppleving."     
                               Lærar

 

"Lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre er ei fantastisk kulturarv eg meiner me har
eit ansvar for ta vare på og bringa vidare til den oppveksande slekt. Me kan ikkje la
desse fantastiske kulturskattane gå i gløymeboka. Me bør gjera det me kan for halda  
"Aslaug Låstad Lygre - Alltid Lika Levande".
For visst ikkje me gjer det, kven skal då gjere det?" 
                                                                                                                                                                                                                                                                                        -                                                                                   - Linda Fosse-

Ta gjerne kontakt for meir info.

Framsyninga er støtta av 
Statoil

Dette skriv Avisa Nordhordland om Aslaug Låstad Lygre

 |  |  |  | 
Copyright © 2006 Linda Fosse. All Rights Reserved.
Web Hosting Companies